Her, no
Her, no a tekst. · 1:,ikern°,Marit h fotografi,. •pneset , 990dd\e1" " 1\aget, \ 9 . . .,. Brekke og orske San E1ri" Detn Her, no Marit Eikemo er frilansjournalist. T 1999 ga Det norske Samlaget ut boka «Her, no» som inneheld Marit Eikemo sine skildringar av 19 møte med ungdommar, dei fleste frå Vestlandet. Boka er illustrert med svart-kvitt fotografi tekne av fotografane Eirik Brekke og Oddleiv Apneseth. «Her, no» er ei sjeldent god bok. Tekstene er sjølvsikre, sjølvkritiske, skjelvande, stolte og såre -og heile tida på ungdommane sine eigne premiss. Fotografia er unike. Dei kjem så nær, så nær, men blir aldri utleverande. Boka er og veldig morosam utan å bli moteprega ironisk. Eg har testa henne ut på mine eigne (kritiske) tenåringar, og dei er samde med mor si for ein gongs skuld. Eg las eit intervju med Marit Eikemo i samband med ut.gjevinga av boka. Ho sa noko slikt som at «ungdom blir ofte sett inn i eit trendbilete som dei knapt kjenner seg att i». Det ho har greid gjennom sine kildringar av vanleg nor k ungdom er å syne kor forskjellige dei (sjølvsagt!) er. Me møter industriarbeidaren Jonny om ser optimistisk på 40 arbeidsår på samme bedrift , lengtande ungjenter som drøy.mer om finare gutar og betre diskotek enn i heimbygda, byguten Kim som teikner, røykjer hasj og er prinsippielt opptatt av å prøve ut grenser. Utposten vil takke Marit Eikemo og Eirik Brekke (som har teke fotografia som me har nytta her) for at me får trykke eit utdrag frå «Her, no». Me vil og takke Det norske Samlaget for ubyråkratisk velvilje. Til gjengjeld vil me oppmode alle som kjem i kontakt med unge menneske i arbeidet sitt eller som er opptekne av korleis ungdom har det eller som rett og slett likar gode tekster og fine bilete: Kjøp boka (og gje henne i gåve til neste konfirmant i familien ... ) Elisabeth Swensen
Denne artikkelen finnes kun som PDF.
Last ned pdf