En Lyrisk stafett
En Lyrisk stafett LYRIKKSPALTEN m En Lyrisk stafett I denne lyriske stafetten vil vi at kolleger skal dele stemninger, tanker og assosiasjoner rundt et dikt som har betydd noe for dem, enten i arbeidet eller i livet ellers. Den som skriver får i oppdrag å utfordre en etteifølger. Slik kan mange kolleger få anledning til å ytre seg i lyrikkspalten. Velkommen og lykke til! Tone Skjerven -lagleder Då eg fekk utfordringa av Reidun Kismul tenkte eg straks på eit dikt av Morgenstern som hei.ter Fisches Nachtgesang. Eg synest det er eit veldig morosamt dikt, og eg tenkte det kunne passe sidan eg arbeider i eit øyrike. Kollegane eg testa det på vart derimot redd eg kanskje ik.kje hadde heilt godt av å opphalde meg på Lurøy då lei såg det. Det hadde også bydd på gra.fiske utfordringar, så eg fann det best å velje eit anna. Eg vart kjend med litteraturen til Bertold Brecht då eg budde eit år i Berlin. Eg kjenner best til teaterstykka hans, men eg har vald eit av dikta hans som syner kor viktig det er med mangfald. Her er det i ei omsetjinga av Olav H. Hauge. Gartnaren rettleider Hagen min lærer meg - dette vesle riket av bed og rabattar at endåtil den edle rosa frå Milet som veks for sterkt treng skjering skal ho trivast. Ho lyt og finna seg i at kål og løk og alle slag grønsaker av lægre avstamming, men heller nyttige, fær vatn ved sida av. Hagen vilde forkomast tenkte ein berre på den kongelege rosa. Eg vil utfordre Gunhild Feide som no arbeider i Melbu i Vesterålen. Ho var turnuslege etter meg på Lurøy. Hilsen Maria Hellevik UTPOSTEN NR.2 • 2002
Denne artikkelen finnes kun som PDF.
Last ned pdf