RELIS: Gestagener og risiko for redusert beinmasse.

Tina Bakkebø, cand.pharm. og Sofia FrostWidnes,

RELIS: Gestagener og risiko for redusert beinmasse.  Nord-Norge Øst Sør Tlf. 77 64 58 90 Tlf. 23 01 64 11 Tlf. 23 07 53 80 Midt-Norge Vest Tlf. 73 55 01 60 Tlf. 55 97 53 60 www.rells.no Regionale legemiddelinformasjonssentre (RELIS) er et gratis tilbud til helsepersonell om produsentuavhengig lege.middelinformasjon. Vi er et team av farmasøyter og kliniske farmakologer og besvarer spørsmål fra helsepersonell om legemiddelbruk. Det er her gjengitt en sak utredet av RELIS som kan være av interesse for Utpostens lesere. Gestagener og risiko for redusert beinmasse Spørsmål til RELJS: Ein allmennlege kjenner til at bruk av p-sprøyte (Depo-Provera) over tid kan gje auka risiko for lav beinmasse, men lurer på kor lenge ein kan bruke p-sprøyta før beinmassen byrjar å bli redusert? Han spør også om det er tilsvarande risiko ved bruk av minipiller med desogestrel ( Cerazette). ,I Desogestrel høgdoserte minipiller (som t.d. Cerazette) gjev ovulasjonshemming i større grad enn tradisjonelle minipiller. Bruk av desogestrel kan gje reduserte østradiolnivå i serum, men det er foreløpig ikkje klart om dette har klinisk relevans i forhold til reduksjon av beinmineraltettleik (BMD). Ei ut.greiing frå Cochrane skriv at det foreløpig ikkje er mange el.ler store nok studiar til å kunne konkludere om gestagenpre.parat til peroral bruk, implantat eller intrauterine innlegg har negativ effekt på BMD. WHO seier imidlertid at det ikkje bør vere restriksjonar for bruk av andre gestagenpreparat enn p-sprøyte som medroksyprogesteronacetat depotinjek.sjon (DMPA) med omsyn til risiko for redusert BMD (1). Når det gjeld kva tid redusert BMD kjem til syne refererer preparatomtalen til Depo-Provera til ei studie med vaksne kvinner som vart behandla med DMPA i inntil fem år. Re.duksjonen av BMD hos desse kvinnene var mest uttalt dei to første åra av behandlinga, med mindre reduksjon i dei på.følgjande åra. Lengre behandlingsvarigheit var forbunde med langsamare gjenvinning av BMD, og preparatomtalen skriv at bruk av preparatet ut over to år bør vurderast nøye. Dette gjeld kvinner i alle aldrar (2). Dei britiske legemiddel.myndigheitene tilrår på si side byte til eit anna antikonsep.sjonsmiddel etter bruk av DMP Ai to år (3). Også andre stu.diar rapporterer om DMPA-relatert beintap som størst dei første to åra (4). I ei studie støtta av produsenten av Depo.Provera var reduksjonen i BMD størst det første året av be.handlinga. I denne studia følgde ein 228 kvinner som brukte DMP A i inntil fem år og samanlikna resultata med BMD hos 3ro kvinner som ikk je brukte hormonelle antikonsep.tiva (5). I ei anna studie viste reduksjonen i BMD signifikant korrelasjon med alder og varigheit av DMP A-bruk, og ar.tikkelforfattarane føreslår at kvinner over 40 år som brukar DMP Ai lengre periodar (> to år), bør følgjast opp med må.ling av BMD og/eller beinremodellering kvar sjette månad (6). Den norske preparatomtalen skriv ikkje noko om behov for måling av BMD under behandling med DMPA (2). Generelt gjeld det for DMP A at beintapet au kar med varig.heit av behandlinga, men dette kan synast å vere delvis re.versibelt etter seponering (1-2). Spesielle populasjonar, som unge kvinner som ikkje er ferdig med beindanninga samt perimenopausale kvinner, kan også synast å vere spesielt ut.sett, også for moglege langtidsbi verknader (7). Bruk av an.dre prevensjonsmiddel enn DMP A bør også vurderast for kvinner med betydelige livsstils-og/eller medisinske risiko.faktorar for osteoporose (2). Konklusjon Bruk av minipiller med desogestrel reduserer østradiolnivå i serum, men foreløpig er ikkje data tilstrekkelige til å kunne seie om dette aukar risikoen for redusert BMD. P.sprøyte er forbunde med eit signifikant tap av BMD som sy.nast å vere mest markant dei første to åra. Beintapet aukar imidlertid med aukande behandlingslengde, og bruk ut.over to år er av fleire kjelder ikkje tilrådd. Referansar I. RELIS database 2007; spm.nr. 2355, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no/database) 2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Depo-Provera. http://www.lege.middelverket.no/preparatomtaler (Sist endra: 07. april 2005). 3. Albertazzi P, Bottazzi Met al. Bone mineral density and depot medroxyprogeste.rone acetate. Contraception 2006; 73: 577-83. 4. Clark MK, Sowers Met al. Bone mineral density loss and recovery during 48 monchs in first-time users of depot medroxyprogesterone acetate (Abstract). Fertil Steril 2006; 86 (5): 1466--74. 5. Kaunitz AM, Miller PD et al. Bone mineral density in women aged 25-35 years receiving depot medroxyprogescerone acecace: recovery following discontinua.cion. Contraception 2006; 74: 90-9. 6. Shaarawy M, Yousef EM et al. Effects of the long-term use of depot medroxypro.gesterone acetate as hormonal contracepcive on bone mineral densiry and bioche.mical markers of bone rernodeling. Contraception 2006; 74: 297-302. 7. Lopez LM, Grimes DA et al. Steroida\ contraceptives: effect on bone fractures in women. Cochrane database of systema tie reviews 2006, issue 4. Art. no.: CD006033. DOI: 10.1002/14651858.CD006033.pub2. Tina Bakkebø, cand.pharm. og Sofia Frost Widnes, cand.pharm., RELIS Vest UTPOSTE R.I • 2008

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf