Lærerike kasuistikker - Dårleg magekjensle.
Lærerike kasuistikker - Dårleg magekjensle. il LÆRERIKE KASUISTIKKER denne spalten trykkes kasuistikker som har gjort spesielt inntrykk og som bidragsyterne har opplevd som spesielt lærerike. Har vi selv lært noe i slike situasjoner, vil det som oftest også være av interesse for andre. Og vi vil gjerne ha en kommentar om hvilke tanker du har gJort deg rundt denne opplevelsen. Bidrag sendes Lisbeth Homlong (red.) lisbeth.homlong@hotmail.com Kast dere frampå, folkens Dårleg magekjensle Vi snakkar om «heart sink patients», dei som gjer at det søkk i deg når du ser dei på dagens timeliste. Denne historia handlar om ein pasient som var ukjent for meg, det stod «vondt i magen» på timelista, og det kan jo vera så mangt. Då eg las bakover i journalen såg eg at ho hadde vare på kontoret for vondt i magen opp gjennom mange år, var utreda både slik og sånn, utan funn. Mellom linjene las eg at ho hadde vare ganske krevjande. Eg kjente alt at hjartet byrja søkke. Men så bestemte eg meg for å gløyme det eg hadde lese, opna sinnet så godt eg kunne, og ropte opp pasienten. Det var ei kvinne i tjueåra, som verka litt skeptisk, hadde vel følt seg avvist mange gangar. Historia hennar var den same som før. Diffust vondt 1 magen, mest heile tida, ingen spesiell plass, ingen saman.heng med måltid, ingen avføringsproblem, ikkje knytta til mensen ... berre vondt vondt vondt. Etter ein del fisking spurte eg meir om menstruasjonen, om den var regelmes.sig? Nei, det var han ikkje, han kom i hytt og vær, og det kunne gå månadar mellom kvar gong. Aha! Då kunne eg i det minste ta nokre hormonprøver. Eg visste jo at det sjel.dan er napp på slike og at det neppe hadde noko med mage.smertene å gjera, men det var i det minste noko eg kunne gjera, ei byrjing. Prøvene var normale -bortsett frå prolaktin, som var godt over 2000. Det forklarte oligomenorreen. Kvinna fekk bro.mokriptin etter råd frå endokrinolog, og tilvising til MR, som viste eit lite prolaktinom. Fint å ha avdekka det, men eg rekna med at magehistoria ikkje var over. Ved neste kontroll var det berre velstand. Ikkje berre var menstrua.sjonen på plass, men magesmertene var vekke! Kort tid etter vart ho var gravid. Først då kom det fram at ho ønsk ja seg barn i mange år, men aldri nemnt det til legane, heller ikkje til meg. Ho fekk tre barn i rask rekkefølgje, og har sidan aldri vare på kontoret for anna enn svangerskapskontrollar. Ho meiner ho blei kurert for magesmertane så snart ho fekk medisin, og det er vanskeleg å nekte for det. Ho vart irritert då ho stadig må ta prolaktinprøver, og fekk innkalling til MR og augelege. «Ka ska eg det for, eg e då ikkje sjuk?». Etter kvart slutta eg å mase om det. Vi får ta det viss det vert eit problem. Ho har uansett ikkje tid til å reise til byen for å ta MR, med tre små åta seg av. Dette var meir eit lykketreff enn resultat av intelligent kli.nisk resonnement frå mi side. Eg har aldri funne fleire pro.laktinom, sjølv om eg stadig lever i håpet når kvinner har uklare plager og rotete mens. Eg har heller aldri høyrt om andre tilfelle med magesmerter som symptom på prolakt.mom. Poenget med denne historia er at vondt i magen verkeleg kan vera så mangt! Og at vår eigen dårlege magekjensle kan seie meir om oss enn om pasienten. Kanskje vi ikkje har stilt det rette spørsmålet. Pernille Nylehn Fastlege, Klepp i Rogaland Har du et bidrag til Lærerike kasuistikker eller Historie fra virkeligheten som du kunne tenke deg å dele med Utposten lesere? redaksjonen er vi stadig på utkikk etter lærerike kasuistikker og spennende, tankevekkende eller gode historier fra livet som lege, som leserne kan ha glede og nytte av. Har du en lærerik kasuistikk eller en god historie? Send det til rmrtover@online.no eller en av redaktørene på mail, eller ta en telefon dersom du lurer på om din historie kunne være noe. UTPOSTEN NR.4 • 2009
Denne artikkelen finnes kun som PDF.
Last ned pdf