Samhandlingsreforma – i korte trekk.
Samhandlingsreforma – i korte trekk. il Samhandlingsreforma -i korte trekk AV LISBETH HOMLONG Fleire fastlegar, større kommunalt ansvar for førebyggjing og rehabilitering, etablering av økonomiske insentiver for å stimulere kommu. nene til å gi betre og meir effektive helsetenester, koordinerte tenester for pasientar med saman. sette lidingar og utvikling av IKT-system for å effektivisere og kvalitetsforbetre helsetene. sta -dette er nokre sentrale element i samhand. lingsreforma som helse-og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen la fram i sommar. Stortingsmeldinga tek mellom anna til orde for å opprette eigne helsekoordinatorar for pasientar med komplekse behov, meir offentleg arbeid for fastlegane, utbyggjing av kommunale lærings-og meistringsentra for risikantar og kronikarar og utarbeiding av ein såkalla nasjonal kjerne.journal. Kva vil så dette få å seie for allmenn-og samfunns.medisinsk arbeid? Bakgrunn og formål Samhandlingsreforma er den siste av ei lang rekkje store reformar i Helse-Noreg dei siste 10-15 åra. Det byrja i 1996, med dåverande helseminister Gudmund Hernes, som inn.førte innsatsstyrt finansiering av helsetenester. Utgangs.punktet var då som no, dårleg utnytting av tilgjengelege ressursar, lange ventelister, store regionale forskjellar og frykt for svære kostnadssprekkar i framtida. Seinare har vi fått innført vurderingsgaranti, pasientrettighetslov og fast.legeordning, gått frå fylker til regionalt samarbeid og vidare til statleg eigarskap. I 2008 var utfordringane likevel dei same som 12 år tidlegare: ventelister, kostnadsvekst og for store regionale ulikskapar. Tida var dermed mogen for nye tiltak! I august i fjor presenterte så helse-og omsorgsminster Bjarne Håkon Hanssen planen om å utarbeide ei ny reform for helsetenesta. Etter å ha tiltrådt som statsråd tidlegare same år, brukte han ei veke på å reise land og strand rundt for å «ta pulsen» på Helse-Noreg. Diagnosen vart stilt og gav utgangspunktet for ideen om samhandlingsreformen, som er tenkt å bøte på det som regjeringa meiner er hovud.utfordringane i det norske helsevesen på sikt: fragmenterte tenester med behov for koordinering, for lite fokus på føre.byggjing og avgrensning av sjukdom og sist, økonomisk bereevne. Det vart sett ned ei breidt samansett ekspert.gruppe som skulle hjelpe ministeren med arbeidet. Resulta.tet vart presentert i juni i år; i ei stortingsmelding med slagordet «Rett behandling-på rett sted -til rett tid». Koordinerte helsetenester Det er eit solid dokument vi har fått i fanget, det er omfat.tande og grundig gjort greie for dei definerte hovudutfor.dringane, kva mål ein har med arbeidet, og ei lang rekkje tiltak er foreslått for å nå desse måla. Eit sentralt poeng er at mange pasientar med samansette lidingar i dag opplever at dei fell mellom to stolar. Dette gjeld til dømes psykisk sjuke, rusavhengige, pasientar med sjukeleg overvekt, dia.betes-, hjartesvikt-og KOLS-pasientar. Reformen har som mål å sikre at desse gruppene skal få betre koordinerte hel.setenester. Det er her fokusert på det ein kallar pasientfor.løp, altså at brukaren skal møte eit heilskapleg behandlings.forløp prega av kontinuitet og samordning, herunder meir bruk av individuell plan og forslag om ein personleg pasi.entkoordinator. Risikogrupper for å utvikle slike sjukdomar skal også prioriterast: det skal satsast på primærførebyggjing ute i kommunene. Det er tenkt at fastlegane skal yte meir på dette feltet, men også det kommunale helseapparatet for øvrig, i form av utbyggjing av helsestasjon og skule-helse.teneste, likeeins etablering av lågterskeltilbod for helse.risikantar. Den økonomiske biten er sentral her; det vikti.gaste grepet er å flytte finansieringsansvar frå stat til kommune. Dette skal motivere kommunene til å satse på førebyggjing, for å unngå bruk av dyre sjukehustenester. Dette medfinansieringsansvaret inneberer også at kom.munene får økonomisk ansvar for utskrivningsklare pasi.entar, noko som skal stimulere kommunene til å satse på pleie-og omsorgstenester lokalt. Eit døme er etablering av intermediær-avdelingar for utskrivningsklare pasientar. Det er for øvrig også foreslått å endre finansierings.ordninga for sjukehusa, til større grad av ramme.finansiering -dette for å hindre ikkje naudsynte sjuke.husinnleggjingar og leggje betre til rette for behandling i kommunen. UTPOSTEN NR.5 • 2009 ill Flere fastlegar og økt IKT-satsing Fleire fastlegar er eit sentralt element i styrkinga av kommu.nehelsetenesta. Det er ønsk ja å auke talet på fastlegar med 50 prosent. Det er mellom anna tatt til orde for at meir tid skal brukast på allmennmedisinsk offentleg arbeid, deltaking i rehabilitering samt arbeid i lærings-og meistringssentra. Kompetansebyggjing for å styrke portnerfunksjon og vurde.ringskompetanse på legevakt er også nemnt, samt sterkare kommunal styring av både fastlegen sine offentlege oppgåver og den kurative verksemda. Eit viktig og visjonært tema i reformen er satsing på IKT. Målsetjinga er at elektronisk kommunikasjon skal vere den normale måten å utveksle informasjon på. Regjeringa vil satse på å styrke styringa av feltet, vurdere å innføre tidsfris.ter for oppkobling til norsk helsenett og utgreie utvikling av ein nasjonal kjernejournal. Dette skal vere ei IKT-løysing med ei avgrensa mengde kjerneopplysningar om pasienten, informasjon som autorisert helsepersonell kan få tilgang til. Endra oppgåvefordeling? Hovudpoenget med samhandlingsreforma er altså at det over tid må utviklast eit betre samarbeid mellom dei ulike aktørane i helse-og omsorgstenesta. I gjennomføringa av reforma skal det etter planen leggjast vekt på langsiktigheit, og at endra oppgåvefordeling mellom kommunene og spesi.alisthelsetenesta må skje kontrollert. Når kommunene skal påta seg nye oppgåver, er det meininga at kompetanse-og rekrutteringsmessige føresetnader skal vere på plass på føre.hand. Det skal også sørgjast for at kommunene får dei naud.synte midla til å kunne gjennomføre tiltak. Målsetninga er at oppfølgjande lovproposisjonar skal fremjast i 2010 og kom.munal medfinansiering av spesialisthelsetenesten skal vere på plass i 2012. Stortingsmeldinga har mange gode intensjonar og ei rekkje konkrete tiltak er føreslått, og dersom alt vert gjennomført vil det medføre omfattande endringar i helsevesenet si orga.nisering. Tidlegare reformer har som nemnt ikkje løyst problema dei var tenkt til. K va kan så gå gale denne gongen? Kompetansemangel i kommunene kan bremse arbeidet. Mange bekymrar seg for den økonomiske biten. Å få til sam.arbeid med fastlegane er sjølvsagt viktig, og signala om ster.kare kommunal styring over både arbeidsmengde og arbeidsform, er kontroversielt. Forskning viser dessutan at fleire fastlegar kan få motsett effekt på trykket i høve ti 1 spesialisthelsetensta, enn det som er intendert, idet fleire til.viste pasientar i sum går opp. Primærførebyggjing på indi.vidnivå versus folkehelsearbeid på befolkningsnivå, er også eit tema til diskusjon, for vert vi eigentleg friskare av at fleire fastlegar forte! oss kva som sunt og usunt? Kanskje må poli.tikarane her ta styring på eit heilt anna nivå i samfunnet? SAMHAN I dette nummeret av Utposten omtales hovedpunktene i samhandlingsreformen som ble lagt frem tidligere i år. Hva mener så legene om innholdet i stortingsmel. dingen -og hvilke endringer kan man forvente eller håpe på? Vi har bedt seks kolleger i ulike stillinger og landsdeler om å meddele sine synspunkter ved å besvare følgende spørsmål: 1. Hva anser du som hovedpoenget med samhandlingsreformen? 2. Hvilken gjennomslagskraft tror du reformen vil få? 3. Hvilke endringer forventer du i norsk helsestell etter samhandlingsreformen? 4. Hvordan kan reformen få konsekvenser for din legehverdag og din arbeids.arena? Trond Egil Hansen Overlege ved Longyearbyen sykehus, Svalbard og leder av Al/mennlegeforeningen I. Stortingsmeldingen har undertittelen «Rett behand.ling-på rett sted-til rett tid». Det er vanskelig å være uenig i det. Det er også lett å være enig i de hovedutfor.dringene samhandlings.reformen peker på: at pasi.entenes behov for koordi.nerte tjenester ikke be.svares godt nok (fragmen. terte tjenester); at tjenestene preges av for liten innsats for å begrense og forebygge sykdom; at demografisk utvikling og endring i sykdomsbildet gir utfordringer som vil kunne true samfunnets økonomiske bæreevne. UTPOSTEN NR.5 • 2009
Denne artikkelen finnes kun som PDF.
Last ned pdf