Musikkterapi og demens – musikk som samhandling og ressursmobilisering.

Brynjulf Stige

Musikkterapi og demens – musikk som samhandling og ressursmobilisering. m Musikkterapi og demens -musikk som samhandling og ressursmobilisering AV BRYNJULF STIGE Musikkterapi har her i landet vore brukt på ein del sjukeheimar sidan tidleg åttital. Internasjo.nalt er musikk og demens eit veksande for.skingsfelt. I norsk samanheng er det kanskje mest presist å kalle dette for eit gryande for.skingsfelt, men det er eit godt driv i utviklinga. Skal vi forstå feltet, er det viktig å ikkje redu. .• r.·. ,;· ... ·. . ..·. . .J Brynjulf Stige, er professor i musikkterapi ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen, og forskingsleiar ved GAMUT, Uni helse. Som forskar har han i særleg grad fokusert på samfunnsmusikkterapien, med vekt på musikk som ein helseressurs i lokalsamfunnet. Stige har tatt initiativet til etablering av to internasjonale tidsskrift i musikkterapi, Nordic Journal of Music Theropy (1992) og Voices: A World Forum for Music Theropy (2001) sere musikk til ein stimulus, men åta høgde for korleis aktiv musikkbruk mobiliserer helserelaterte ressursar. Forsking på eldres kvardagsbruk av musikk kan her gje innsikt som er av relevans for utforming av tilbod også på institusjon. -Eg har alltid hatt lyst til å synge «Eg har alltid hatt lyst til å synge i kor, men eg har liksom aldri tatt meg tid til det. Pliktene på garden har alltid gått føre. Men no, når eg er 85 år, meiner eg vel at det kan gå. Det er fint å synge i kor, ein møter folk og ein lyt arbeide litt, med å hugse tekstar og øve inn nye melodiar» MA NLEG MEDLEM AV EIT PENSJONISTKOR Orda tilhøyrer ein av songarane i eit kor eg har studert gjen.nom deltakande observasjon og kvalitative forskingsinter.vju. Eg ville lære meir om korleis dei eldre songarane opp.levde det å vere i kor, kva som motiverte dei til deltaking og i kva grad dei relaterte dette til helse og livskvalitet. Sitatet illustrerer fleire poeng, som at musikken gjev rom for felles.skap, er eit «morosamt arbeid» og for somme får større plass og verdi i alderdommen enn tidlegare. Poenget om felles.skap vart understreka av alle dei 19 informantane i undersø.kinga. Dei sosiale nettverka deira hadde krympa. Kanskje både ektemake og viktige vener hadde gått bort. Samstun.des opplevde dei at det var vanskelegare enn tidlegare å byg.gje nye nettverk. Då såg dei koret som ein inkluderande møtestad der ein kunne samlast om ein meiningsfull aktivi.tet som gjorde motsetningar handterlege og fellesskapsopp.levingar moglege. At det er kjekt å synge, la dei også vekt king som ein måte å arbeide med helsa si på. Somme var opptatt av faren for demensutvikling. Dei opplevde at dei gløymde meir enn før og ville vere aktive og arbeide med åhugse tekstar og melodiar, for om mogeleg åslik utvikling ei tid. Andre var opptatt av at å førebyggje ei å ar. synge er beide med kroppen og at kordeltakinga var bra for astma.problem, muskelspenningar eller andre kroppslege plager. Songen var viktig for desse pensjonistane, som musikk, identitet, fellesskap og helserelatert praksis (1). At folk som vel å synge i kor tykkjer at song er viktig, er ikkje så overraskande i seg sjølv, men det er verdt å merkeseg at fleire av informantane i denne undersøkinga fortalde at dei var ferske som korsongarar. Bonden bak sitatet over tykte ikkje han hadde hatt tid til åfortalde at dei ikkje hadde hatt mot til synge tidlegare. Andre å gjere det. Musikken og kunsten er ikkje fristilt frå spesialiserings-og differensier.ingsprosessane i det moderne samfunnet, og mange tar til seg eit bilde av musikalitet som noko for dei få, noko du anten har eller ikkje har. Musikkterapifaget er basert på «alle.mannsretten til musikk» som sentral verdi. Vi kan kalle det eit demokratisk ideal, men det er også eit syn som er basert på biologi og utviklingspsykologi. Dei siste åra har det vore på, og då altså gjerne på ein måte som knytte det morosame til arbeid: Fleirtalet av informantane snakka om kordelta-ei aukande interesse for musikk blant evolusjonsforskarar og forskarar på spedbarnskommunikasjon, og ideen om musi- UTPOSTEN 'R. • 2 0 I 0 MUSIKKTERAPI OG DEMENS m Sandane pensjonistkor i sving. F11A soKA wHeRe Music HELPS {1). F010: RuNe 110LvsJ0110. kali tet som eit kjenneteikn ved mennesket som art byrjar åaksept. Ein talar då ikkje om musikalitet som ei spesialisert få evne til å handtere eir instrument, men som ein medfødd menneskeleg kapasitet til å kommunisere nonverbale, gjen.nom lyd, rørsle, og rytme (2, 3), altså ein medfødd kommuni.kativ musikalitet som gjer kulturell læring mogeleg (4). forEi slik utvida forståing av musikalitet gjev oss eit grunnlag å forstå kvifor musikk er ein så viktig kvardagsaktivitet for folk Rest og kvi for musikk som terapi og helseressurs vi.ser seg å vere relevant for svært mange, ikkje berre dei som har hatt ei spesiell musikkinteresse gjennom livet. Songarane i pensjonistkoret eg studerte hadde gjort det vaiet å engasjere ein musikkterapeut som dirigent. Mange slike kor har gjort andre val, og det er viktig å presisere at slike kor ikkje er musikkterapi i tradisjonell forstand, men eit eksempel på musikk brukt som helseressurs i lokalsam.funnet. For samfunnsmusikkterapien, den delen av faget som nettopp fokuserer på musikk som ressurs i møte med kvardagslivet sine utfordringar, er denne type inkluderan.de musikktilbod viktige å forske på. Dei gjev oss kunnskap om korleis folk aktivt brukar musikken som ein reiskap for handling og samhandling. Dette er perspektiv som det kan vere grunn til åta med seg når ein forskar på musikkterapi som behandling. Musikkterapi og demens som gryande forskingsfelt For mange år siden havde jeg en oplevelse på et plejehjem: Der var arrangerer musikaften, og et pensionistkor kom for at underholde beboerne. Korets medlemmer var placeret i den ene ende af lokalet, og deres engagerede og glade an.sigtsudtryk lyste os i møde, medens de sang de kendte sange. I salens modsatte ende sad beboerne og lyttede med sløve, udtryksløse ansigter, der kun lyste op de få gange, de selv fik anledning til at synge med på refrainet (5). Det er Synnøve Friis, ein av dei nordiske pionerane for mu.sikk i eldreomsorga, som ordla seg slik i ein publikasjon på 1980-talet. Musikkterapi handlar i liten grad om å speleeller synge for dei eldre, og musikkterapi er ikkje eir anna namn på aktivitetane i Den kulturelle spaserstokken. Litt enkelt kan vi seie at medan utøvande musikarar er utdanna for å engasjere tilhøyrarar, er musikkterapeutar utdanna for å engasjere deltakarar. Musikkterapeutar kvalifiserer seg til åkunne bruke musikken kommunikative, for å engasjere til aktivitet og deltaking. Kva som er god aktivitet vil sjølvsagt variere med person og situasjon. Det handlar om liv, men ikkje alltid om halloi. Som Hanne Mette Ridder viser i dok.toravhandlinga si om musikkterapi med pasientar med fron.totemporal demens, kan musikkens evne til å kunne skape ro og fokus vere svært viktig for enkelte grupper (6). UTPOSTEN NR . 5 • 2010 MUSIKKTERAPI OG DEMENS m At musikken lar seg bruke til å skape meiningsfull aktivitetog samhandling lar seg forklare på ulike måtar. Den med.fødde kommunikative musikaliteten hjå mennesket kanvere ei slik forklaring. At denne gjer kulturell læring mo.geleg kan vere like viktig. Musikk er ein sentral del avidentiteten vår og kan for eldre menneske danne basis forarbeid med reminisens. Interessante funn innan nevrovit.skapen kastar lys over kvifor musikk ofte er i stand til åløyse ut ressursar og engasjement også hjå menneske med store hjerneskadar og funksjonshemmingar. Ein god del forsking er gjort, mykje forsking og teoriutvikling gjen.står. I det følgjande vil eg gje glimt av dette ved å fokuserepå musikkterapi og demens som eit gryande forskingsfeltved Universitetet i Bergen og Uni helse. Dette kan eksem.plifisere situasjonen i Noreg og også illustrere relasjonarmellom musikkterapi og allmennmedisin. Som eg gjer greie for nedanfor, vart musikkterapi etablertsom universitetsfag i Bergen i 2006. Den første doktor.gradskandidaten knytt til musikkterapi ved UiB er Audun Myskja, som er spesialist i allmennmedisin. Han har nylegfullført ei avhandling om musikk og musikkterapi somsupplerande behandling i demensomsorga. Temaet er ak.tualisert av at gjeldande behandlingsretningslinjer tilrår atikkje-medikamentelle tiltak vert prøvd ut før medikamen.telle, samstundes som miljøtiltak er mangelfullt utforska.Myskjas avhandling gjev eit oversyn over forskingsstatusfor vanleg medisinsk behandling av demens og demens.symptom og over kva kunnskap vi har om effekten av mil.jøtiltak, då med særleg vekt på eksisterande forsking påmusikk i demensomsorga. Den empiriske delen av av.handlinga byggjer m.a. på studiar av musikkpreferansar irelasjon til terapeutisk bruk av musikR, som grunnlag formetoden Individualisert musikk-I ulike delstudiar utforskarhan så denne metoden i høve til depresjon, uro og velvære.Individualisert musikk er ein metode som dei etablertehelseprofesjonane kan ta i bruk. I tillegg argumentererMyskja for verdien av å tilsetje profesjonelle musikktera.peutar på sjukeheimane, m.a. grunna deira kompetanse i åetablere aktive musikksituasjonar der folk kan oppleve fellesskap og ta eigne ressursar i bruk. Myskja lanserer om.grepet integrert musikk for beskriving av systematisk sam.arbeid mellom musikkterapeutar og andre faggrupper isjukeheimskonteksten (7) Demens er meir enn ein kognitiv svikt og ofte er det deinevropsykiatriske symptoma som representerer dei størsteutfordringane (8). Musikkterapi som nonfarmakologiskbehandlingsmetode kan supplere eksisterande omsorgog behandling og redusere psykiatriske symptom og åt.ferdsforstyrringar (6). Der er undersøkingar som viser atmusikkterapi kan redusere uroleg åtferd hos personar med UTPOSTEN NR. 5 • 2010 , ! . ' J # • demens (9), men det er gjennomført svært få kontrollerte forsøk på området (10-12). Hanne Mette Ridder, første.amanuensis i gerontologi og musikkterapi ved AalborgUniversitet, er sentral i utviklinga av prosjektet «Effekten af individuel musikterapi på livskvalitet, agiterer adfærdog medicinering hos personer med demens. RCT samtmultiple cases». Dette pilotprosjektet vert gjennomførtmed datainnsamling i Bergen, Oslo, Aalborg og Brisbane,i perioden 2010 til 20 12. Dei to prosjekta som er omtala over eksemplifiserer mu.sikkterapi og demens som eit gryande forskingsfelt ved UiB og Uni helse. Relaterte prosjekt inkluderer samarbeidmed Senter for omsorgsforsking Vest om utforsking avmusikk som del av kvardagslivet på sjukeheimane. Moge.lege framtidige prosjekt inkluderer samanlikning av ulikepsykososiale intervensjonar, i samarbeid med forskarar fråpsykologiske fagmiljø. Vidare vil samarbeid med nevrolo.giske fagmiljø verte viktig. Det er nødvendig å forstå detnevrobiologiske grunnlaget for musikalsk persepsjon og åstudere korleis langvarig omgang med musikk kan endre hjernen og eventuelt utnyttast ved musikkterapi ved ulikenevrologiske lidingar. Griegakademiets senter for musikk.terapiforskning (GAMUT) samarbeider i dag med ParkVest og Haukeland universitetssjukehus om pilotprosjek.tet «Virkningen av musikkterapi på funksjonell kommu.nikasjon og stemningsleie for pasienter med Parkinsonssykdom». For å samordne forskingsaktiviteten, byggjer GAMUT opp eit nordisk og internasjonalt nettverk for forsking påmusikkterapi og eldre (sjå www.nmoe.no). Nettverket er finansiert av GC Rieber Fondene. MUSIKeKeTEReAPI OG DEMENS Musikkterapi som universitetsfag I USA vart musikkterapi etablert som universitetsfag i 1944, i Noreg skjedde dette i 2006. Det er ein interessant skilnad, sjølv om det ikkje er slik at vi ligg 60 år etter ame.rikanarane i fagutvikling. Musikkterapi har eksistert som høgskulefag i Noreg sidan 1978 då ei toårig vidareutdan.ning kom i gong i Oslo, først ved Østlandets Musikkonser.vatorium, seinare knytt til Norges musikkhøgskole. I 1988 vart ei tilsvarande utdanning etablert på Sandane i Sogn og Fjordane. Dette studiet vart flytta til Griegakademiet ved Universitetet i Bergen i 2006. Denne endringa i status frå høgskule-til universitetsfag gjev eit nytt rom for utvikling, noko eg skal illustrere ved kort å beskrive musikkterapi.faget slik det no er under oppbygging på Griegakademiet. Griegakademiet er eit institutt ved Humanistisk fakultet. Musikken og humaniora er altså ein viktig basis for faget, men tverrfaglege relasjonar utover dette er heilt nødven.dige, då musikkterapifaget ligg på tvers av tradisjonelle faginndelingar. Samarbeidsrelasjonar til fagmiljø innan psykologi, samfunnsfag og medisin er under oppbygging, også gjennom Uni helse, ei avdeling av forskingsselskapet Uni Research. Tverrfaglege relasjonar føreset eit fagleg fundament. I 2006 etablerte UiB eit årsstudium i musikkterapi, med eit toårig masterstudium som påbygging. Ein slik studie.modell representerte ein mellomting mellom ei full grunn.utdanning og den toårige vidareutdanninga som tidlegare hadde eksistert som høgskuletilbod. I 2009 gjorde styret for UiB vedtak om åta steget heilt ut, slik at musikkterapi frå 2010 er etablert som ei grunnutdanning, då som eit femårig integrert masterprogram. Det nye studiet får ei forskings.linje, dels etter inspirasjon frå medisinstudiet. Parallelt med at UiB byggjer opp grunnutdanninga i musikkterapi, er utvikling av ei solid forskarutdanning eit prioritert sat.singsområde. Tangeringspunkt mellom musikkterapi og allmennmedisin Der er ikkje nokon lang tradisjon for samarbeid mellom musikkterapi og allmennmedisin i Noreg. Både eldre.bølgje og samhandlingsreform kan gjere dette langt meir aktuelt enn det har vore. GAMUT og Allmennmedisinsk forskningsenhet i Bergen har difor etablert ein samarbeids.dialog. Dialogen har vist at der er fleire felles verdiar og forskingsinteresser, som t.d. ei vektlegging av relasjonar og ressursar i praksisfeltet og av relevans og refleksivitet i for.skingsaktiviteten (13, 14). Om eitt av faga spring ut av musikken og det andre av medisinen, handlar begge til sjuande og sist om menneske i krevjande livssituasjonar. m Om eg skal tillate meg å avslutte med ei overforenkling som kanskje likevel seier noko, kan eg slå fram på at det eine faget nærmar seg dette frå kulturen og inn og det andre frå kroppen og ut. Informasjon Nok re nettsider som gjev informasjon om musikkterapiforsking i Noreg: •GAMUT -Griegakademiets senter for musikkterapiforsking: www.gamut.no •Senter for musikk og helse, NMH: http://www.nmh.no/Sen. ter_for_musikk_og_helse • Nordic Network of Research in Music, Culture, and Health: www.much.no •Ein informasjonsfilm om musikkterapi og eldre («Lyden av liv») kan av institusjonar tingast gratis frå nettsidene til GAMUT sitt nettverk for musikkterapi og eldre: www.nmoe.no Referansar I.Stige, B. Practicing music as mutual care. I: Stige, B.; Ansdell, G.; Elefant, C. & Pavlicevic, M. Where Music Helps. Commu.nity Music Therapy in Action and ReAection. Farnham, UK: Ashgate 2010, 253-274. 2. Wallin, N.L., Merker, B. & Brown, S. (red). The Origins of Mu.sic. Cambridge, MA: The MIT Press 2000. 3. Cross, J. & Morley, I. The evolution of music: Theories, defini.tions and the nature of the evidence. l: Malloch, S. & Trevarthen, C. (red). Cornmunicative Musicality. Exploring the Basis of Hu.man Companionship. Oxford, UK: Oxford University Press 2009. 4. Malloch, S. & Trevarthen, C. (red.). Communicative Musicality. Exploring the Basis of Human Companionship. Oxford, UK: Oxford University Press 2009. 5. Friis, S. Musik i ældreplejen. København, Munksgaard 1987, 92. 6.Ridder, H.M. Singing dialogue. Music therapy with persons in advanced stages of dementia. A case study research design. Doktoravhandling, Institut for Musik og Musikterapi, Aalborg Universitet 2003. 7. Myskja, A. lntegrated music in nursing homes -an approach to dementia care. Doktoravhandling, Universitetet i Bergen 2010. 8.Selbæk, G. Demens er mer enn kognitiv svikt. Utposten 2010, nr. 3, 7-10 9. Ridder, H.M., Wigram, T. & Ottesen, Aa.M. A pilot study on the effects of music therapy on frontotemporal dementia -de.veloping a research protocol. Nordic Journal of Music Therapy 2009, 18(2), 103-132. 10. Dileo, C. & Bradt, J. Medical music therapy:· A Meta-analysis of the literature and an agenda for future research. Cherry Hill, NJ: Jeffrey Books 2005. 11.Skingley, A. & Vella-Burrows, T. Therapeutic effects of music and singing for older people. Nursing Standard 2010, 24(19), 35-41. 12. Vink, A., Birks, J., Bruinsma, M., & Scholten, R. Music therapy for people with dementia (review), The Cochrane Collaborati.on, John Wiley & Sons Ltd 2009. 13.Stige, B., Malterud, K. & Midtgarden, T. Towards an agenda for evaluation of qualitative research. Qualitative Health Research 2009, 19(10), 1504-1516. 14.Stige, B. Evaluering av kvalitativ forsking-er det ønskjeleg og mogeleg med ei ny tilnærming? Michael 2010 (in press). Evt. spørsmål og kommentarer kan rettes til: brynjulf.stige@grieg.uib.no UTPOSTEN NR . 5 • 2010

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf