Bokanmeldelse: Tankevekkande og aktuelt om kropp, kjønn og makt. - Generasjon sex anmeldt av Lisbeth Homlong s42

Lisbeth Homlong

Bokanmeldelse: Tankevekkande og aktuelt om kropp, kjønn og makt. - Generasjon sex anmeldt av Lisbeth Homlong s42 Hannah Helseth HANNA Generasjon Sex HELSET Forlaget Manifest 2010 GENE 175 sider SEX På nettstaden deiligst.no legg norske ungdomar og unge vaksne ut meir eller mindre lettkledde bilete av seg sjølv. Kvar månad lastar medlem. mane opp kring roooo bilete av seg sjølv, bileta vert kom.mentert og stemt på av nettstaden sine over 600000 profilar. Kva er det som får norske jenter -og gutar også, for den del -til å gjere dette i dag, frivillig, utan å få betalt for det? Dette er sosiologen og feministen Hannah Helseth sitt utgangspunkt for å skrive debattboka Generasjon Sex, som kom ut tidleg i haust. Helseth har markert seg som ein aktiv samfunnsdebattant og skribent. Ho er opptatt av feminismen sin ståstad i det moderne Noreg og har spesielt engasjert seg i unge jenter sin situasjon i forhold til kroppspress, seksualisering og grensesetting. Generasjon Sex er den første boka ho har skri.ve. Boka startar med ei samtale forfattaren har med «Baby.doll», ei 17 år gammal jente som har profil på den omtalte nettstaden. Ho har lagt ut bilete av seg sjølv ikledd «hot pants» og ein utringa singlet, med brysta skyvd fram i ei djup kløft. Motivasjonen for dette er å få positiv merksemd, viser det seg. Likevel likar ikkje «Babydoll» at ho vert re.dusert til berre kropp, ho set heller ikkje pris på slibrige tilbod som har korne i kjølvatnet av eksponeringa. Helseth bruker personlege røynsler frå eiga ungdoms-og studietid for å skildre korleis jenter i dag står i eit kryss.press mellom å sjå bra ut, få merksemd frå det andre kjønn, utan å trakke over grenser slik at dei vert sett på som billege og lett på tråden. Saman med referansar til kjent feminis.tisk teori og ulike studiar gjort på kjønn og ungdomskul.tur, fungerer dette bra for å trekke problemstillingane ned på jorda og relatere dei til levd liv. Helseth trekker linjer til 70-talet med BH-brenning og radi.kal, kollektiv feminisme, som på 90-talet vart avløyst av ein meir individuell feministisk bølgje. Bøker som Fittstim og Råtekst tok då til orde for at ein kunne sjå bra ut, pynte seg og likevel vere ambisiøs og likestilt. Generasjon Sex har ifølgje Helseth tatt dette ut i den ytste konsekvens. Kva vert så igjen? Det dreier seg om kjønnsmakt. Det å vere attraktiv, at Tankevekkande og aktuelt olll kropp, kjønn og Illakt menn attrår kvinner; det er også ei form for makt, hevdar mange i dag. Men kva slags makt er dette, spør forfatta ren? Kan kvinner ta den med inn i styreromma? Når alderen før eller sidan innhentar oss alle, kva slags makt er igjen då? Når det gjeld seksuelle overgrep og voldtekt, problematise.rer Helseth at det framleis er slik at jenter og kvinner vert ansvarleggjort for menn sine overgrep. Menn har ein ustyr.leg seksualitet. Kvinner må ta ansvar for å hindre at den går over styr. Mange spørjeundersøkingar stadfestar dette synet. I kva samanheng overgrepet skjedde, relativiserer også skuldspørsmålet, ifølgje både menn og kvinner som svarer på slike spørsmål. Voldtekt hand lar både om vold og seksualitet, i følgje Helseth, det er «seksualitetens skygge.side». Dette er kanskje det mest interessante partiet i boka, synast eg. For sjølv om kvinner sjølv ikkje er ansvarlege ved kroppsleg uttrykk, åtferd og inntak av rusmiddel, gir Helseth eit eintydig råd om at det må brukast sunn fornuft for å unngå å utsette seg for risiko for overgrep. Kva kjønnsroller har å seie for unge kvinner i dag, har også eit klasseperspektiv: Boka problematiserer forskjellar mel.lom øst-og vestkantjenter i hovudstaden. Jentene på øst.kanten kler seg meir utfordrande og har ei meir seksuelt utagerande framferd i kvardagen. Dei kallar kvarandre hore og ler av det. Jentene på vestkanten, derimot, kler seg «med måte» og framstår høAege og veltalande. Dei opp.fattar språket som vert nytta på østkanten som vulgært og relaterer det til underklassen. Likevel hender det at dei kal.lar kvarandre «bitch». Kvinner tilpasser seg forventningar til kva som til ei kvar tid og på kvar stad vert sett på som kvinneleg. For kvinner med høg økonomisk og kulturell kapital, kan det kanskje fungere å gå ut av og inn i roller som ho sjølv ønskjer og lystar. For meir underprivilegerte kvinner, er kanskje dette ei større utfordring. Denne boka utforskar moderne jente-og kvinneliv, ho viser fram kva type krav og forventning unge jenter i dag har fram.for seg. Boka er lettlest og henvender seg til eit allment publi.kum. Som helsepersonell kan ein reflektere over at mange undersøkingar tyder på at Aeire jenter er misnøgde med krop.pen sin: Fleire utviklar spiseforstyrrelser, Aeire får psykiske li.dingar, mange vert framleis utsett for voldtekt og andre seksu.elle overgrep. Det er nærliggande å tenke at seksualisering og kroppspress medverkar til dette. Eg synast boka er eit viktig og godt skrive innlegg i denne aktuelle debatten. Lisbeth Homlong UTPOSTEN NR . 7 • 2010

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf