Kjønn og helse – frie kvinner i avgrensa kroppar.
Kjønn og helse – frie kvinner i avgrensa kroppar. m Kjønn og helse -frie kvinner i avgrensa kroppar AV LISBETH HOMLONG Dikta ren Marie Takvam vart fødd på garden Skylstad i Hjørundfjorden i 1926, ikkje langt frå mine eigne heim. trakter. Garden ligg i Norangsdalen, ei løynd perle av eit dalføre sør på Sunnmøre. Takvam er kanskje ikkje så kjent for folk Aest, men ho debuterte som lyrikar i 1952 med samlinga «Dåp under sju stjerner» og gav seinare ut Aeire diktsamlingar med mange utru leg Aotte dikt. Ho skreiv også romanar og barnebøker. I diktinga si var ho mellom anna opptatt av kvinnesak, kjønnsroller og erotikk, som her: Den frigjorde kvinna Kvar gong eg ser ein elskars stramme lepper Aekkje seg frå dei kvasse hjørnetennene og kjenner hans harde kjønn hamre mot hjarterøter eller magesekk eller kva det er mest av der inne og eg sjølv er ei oppblåsen Barbara då forstår eg dei som seier: Kjærleiken er kaldare enn døden.( ... ) Dette var ei god stund før den ny-feministiske bølgja på 70-talet og hadde 50-talets tradisjonelle kjønnsrollemøn.ster som bakteppe. Takvam sjølv fekk kjenne dette på kroppen som ung, vakker kvinneleg forfattar med appetitt på livet. Erling Lægreid, no pensjonert journalist frå NRK, ein gammal ven og kollega av Takvam, skildrar ho slik: På byen var ho ei femme fatale som stråleglansa ein krull med menn som dyrka henne. Ho hadde ein farleg smittsam latter og hennar varmesøkjande missil som rotvelta manne.veldet kring seg. Full, fulla re og feit som ho var. Det var ikkje alle som såg med blide auge på slik framferd. I 1977 spelte ho hovudrolla i Vibeke Løkkeberg sin film «Åpenbaringen». Ho var over 50 år og viste fram sin nakne, middelaldrande, frodige kropp -«kvalmende og uappetit.telig» var berre noko av det som vart uttalt i dagspressa om Takvam sin rolleprestasjon. Vi ten kjer gjerne at vi er komne lenger i dag. Ny leg stod Aeire kjente, vaksne kvinner, mellom anna skodespelaren Demi Moore og kunstnaren Marianne Aulie, fram med sine avkledde kroppar på nettstaden Twitter, fotografert av seg sjølv, på badet, i undertøy, med trutmunn. Dei kallar det frigjering, her har dei teke regien sjølv, tatt bilete, lagt dei ut på nettet sjølv, vist seg fram. Seinare gjekk Aulie len.gre, heilt naken stod ho, ein stad på Manhattan, New York. «Eg er kvinne. Eg er fri», var hennar eigen kommentar til biletet. NRK-profilen Helle Vaagland var raskt ute med ein humoristisk kommentar, i form av eit eige lettkledd bi.lete, men med litt Aeire val kar på magen og ein litt mindre sensuell posisjon. Kritikken hennar gjekk på at det berre er eit utval av kvinnekroppar som kan visast fram, kvardags.kvinner med sine skavankar, feil og manglar duger ikkje. Det er dei modellvakre som «frigjer» seg på denne måten. Slik går debatten om kvinnekropp i vår moderne medie.kvardag. Kvinnekropp er altså framleis eit brennaktuelt tema. Marie Takvam. Fora: www.H1vowA.No UTPOSTEN NR . 7 • 2010 KJØNN OG HELSE m Sosiologen Hannah Helseth si debattbok «Generasjon Sex» som kom ut tidlega re i haust, går djupare inn i problemstil.lingane knytt til dette. I eit Noreg som er meir likestilt enn nokon sinne, har ein ny generasjon kvinner eit svært så sek.sualisert og kommersielt definert kvinneideal å leve opp til. Ho viser til at ungdom i dag legg ut utfordrande bilete av seg sjølv på ulike nettstader, der dei ber om å bli sett og vurdert. Du skal sjå bra ut og vere seksuelt attraktiv. Sam.tidig blir det forventa at du skal vere smart og lukkast i utdanning og arbeidsliv. Denne seksualiseringa i det offentlege gir kvinner makt, hevdar mange, kjønnsmakt. Det at menn attrår kvinner, gir kvinner makt over menn, såkalla erotisk kapital. Er dette ei god samfunnsanalyse? Nei, meiner Helseth, dette er ei avgrensa form for makt, og den er forgjengeleg. Det er nok ein måte der kvinner må tilpasse seg ytre rammer for korleiseein skal sjå ut og te seg, med dei avgrensingar dette medfører. Vida re trekkjer Helseth fram at dei mest vanlege skjellsorda i norske skulegardar i dag er hore og «bitch». UTPOSTEN NR 7 • 2010 kvinner vert ansvarleggjort for at dei vert utsette for over- grep. Krava til å framstå sexy og frigjort aukar på den måten risikoen for å verte utsett for overgrep. Kva har dette med helse å gjere? Det er svært relevant for kvinnehelse, meiner eg. Du er din kropp, i følgje fenome.nologiens far, den franske filosofen Maurice Merleau-Pon.ty, det er gjennom kroppen medviter tek form. Kroppen er i kontakt med livet, tinga, andre kroppar. Når kvinner med kroppen sin søker makt, viser den fram, tilpassar den til ideal og forventningar, så må det sette spor, tenker eg. Kroppen er ikkje fri, den vert gjort til ein reiskap for å oppnå noko. Samtidig vert det på ulike måtar sanksjonert når kvinner ikkje tilpassar kroppen sin slik det er forventa. Vi veit at psykiske lidingar hos jenter aukar etter puberte.ten. Fleire er misnøgde med kroppen sin, Aeire får spisefor.styrringar. Medisinsk uforklarte plager og lidingar vert det også meir av, til dømes kronisk trøttheitssyndrom, uklare smertetilstandar, irritabel tarm og Aeire. Mange kvinner lir av dette. Kan vår tids disiplinering av kvinnekroppen vere ein medverkande årsak? I den franske filosofen og forfattaren Simone de Beauvoir sitt nøkkelverk frå 1949, «Det annet kJønn», vert ideen om kvinna som den andre etablert. Slik kvinner alltid har vore definert ut frå mannen, som er norma for det menneskele.ge. I ein artikkel i Utposten frå 1996, «Formelen for den menneskelige norm er N=XY», skriv allmennlege og forskar Anna Louise Kirkengen om det historiske bakteppet for dette: Kvinner har sidan antikken blitt sett på som kropp og kjensler, ubestemte og avvikande. Menn er ånd og for.nuft, bestemte og presise. Ein skulle tru at kvinner og menn i vårt moderne samfunn var meir på lik linje, begge som subjekt. Men lesse symbolske kategoriane pregar enno korleis vi ser på kropp og kjønn. Dette påverkar også kvin- UTPOSTEN NR . 7 • 2010 KJØNN OG HELSE ner si helse. Eit moment er jo at ei overveldande mengde av medisinsk forsking har vore basert på menn som forskings.objekt, fordi kvinner har blitt sett på biologisk ustabile og derfor ueigna i forsking. Dette medfører at mange stan.dardar for medisinsk behandling har mannen sin kropp som utgangspunkt. Kirkengen gjer med utgangspunkt i dette greie for korleis kvinner sine helseplager har blitt ka.tegorisert som ubestemte og avvikande. Ho refererer spesi.elt til diagnostikken innan psykiatri der forbausande man.ge diagnosar har vore knytt til manglar og feil ved kvinneleg seksualitet: Mange, forbausende mange, diagnoser innen psykiatrien har vært begrunnet med og er knyttet til kvinners seksualitet, som de enten har for mye av, for lite av, på feil måte, til feil tid, rettet mot feil person og uttrykt i enten for mye eller for lite følelser, aktivitet eller kropp. Særlig kropp. Ho viser også til filosofen Denise Russel! som har sett på korleis femininitet i alle epokar har uttrykt, legitimert og tilslørt avgrensningar. Kvinner sjølv har internalisert lesse grensene i sitt strev for å vere kvinneleg: FORUM sykehjemsmedisin FORUM SYKEHJEMSMEDISIN inviterer til sin 8. LANDSKONFERANSE på Raddison Blu Hotel, Lillehammer 25.-27 .mars 2011 KONFERANSEN: Det faglige innholdet er variert og spennende. Temaet smerter belyses fra flere synsvinkler. Det er fokus på kommunikasjon og etikk som er viktig i sykehjemshverdagen. Hjerneslag er en van.lig sykdom som rammer de eldste eldre, en av våre mest sårbare grupper og det er vår 3. hyppigste dødsårsak. Samhandlings.reformen kommer vi heller ikke utenom. Foredragsholderne er engasjerte og inspirerende. KURSGODKJENNING FOR LEGER: ALLMENNMEDISIN: 15 poeng som emnekurs/klinisk emnekurs i sykehjemsmedisin / geriatri til videre-og etterutdanningen. GERIATRI: 15 timer som valgfritt kurs SAMFUNNSMEDISIN: 15 timer som valgfritt kurs KURSGODKJENNING FOR SYKEPLEIERE: 14 timer som er meritterende til klinisk spesialist i sykepleie/spesialsykepleie. Finn program og påmelding på www.sykehjemsmedisin.no under Kurs. KONTAKTPERSON: G. Torbjørg Amdal E-Posr: gta@brks.no eller MOBIL: 913 50 759 Velkommen til Lillehammer KJØNeN OG HEeLSE m Når kvinner selv gjør nesten kva som helst for å være mest mulig kvinne i menns øyne, får de til og med selv et syn på seg sjølv som et mangelfullt vesen, et menneske som til en.hver tid kan og bør forbedres. Korleis skal vi korne oss ut av dette uføret? Hannah Helseth peikar på kjærleik og respekt! Og større mangfold og rausheit i forhold til kva ein ser på som vakkert, og på seksualiteten. I forholdet mellom menn og kvinner peikar ho på gjensidigheit, valdtekt og seksuell trakassering er uttrykk for mangel på dette. Å stadfeste seg sjølv gjennom kroppen kan lett ende med overgrep, dersom mannen ikkje har respekt for grensene. Menn som elskar kvinner, utfører ikkje overgrep, i følgje Hel.seth, og kvinner som elskar seg sjølv, utset seg ikkje like lett for overgrep som «Generasjon Sex» gjer i dag. Ein sjeldan gong hender det at alt i oss møtest og ein veldig loge slår opp mot himmelen frå våre lekamar men elden brenner oss ikkje. Vi reiser oss og kan leve. Marie Takvam hadde det ikkje alltid like lett. Ho sleit med depresjonar, alkoholisme og mange kriser i livet. Dette stod ho offentleg fram med. I eit intervju i avisa i 1998, ro år før ho døydde, fortalde ho ope om dårleg helse og at ho hadde mista evna til å skrive. Ho var likevel takknemleg for livet ho hadde levd og sa at ho følte ho hadde sagt det ho skulle. Venen Lægreid seier det slik: «Det var hennar forteneste at eg og vi fekk større respekt for kvinna i oss.» Kjelder Takvam, Marie: «Dikt i samling (1952-1997)», Gyldendal Norsk Forlag ASA 1997 (utdrag frå diktet «Den frigjorde kvinna»). Helseth, Hannah: «Generasjon Sex», Forlaget Manifest 20 I 0. Merleau-Ponty, Maurice: «Kroppens fenomenologi», Pax Forlag NS, Oslo 1994. De Beauvoir, Simone: «Det annet kjønn», Pax Forlag NS, Oslo 2000. Kirkengen, Anna Luise: «Formelen for den menneskelige norm er N =XY », Utposten 1996; 3. Dag og tid nr. 3 I 1998. Dag og tid nr. 40 2010. Evt. spørsmål og kommentarer kan rettes til: lisbeth.homlong@hotmail.com Nasjonalt diabetesforum 2011 Neste nasjonale Diabetesforum finner sted på Oslo Kongressenter, Folkets Hus 9.-10. juni 2011. I det omfattende programmet står naturlig nok samhandlingsreformen sentralt. Blant annet rettes søkelyset mot samhandling i praksis, med erfaringer fra både Norge og utlandet. Et annet aktuelt og viktig spørsmål er "Hvordan lager vi et sunnere samfunn?". Blant dem som skal svare, er sentrale politikere og representanter fra næringslivet, i en paneldebatt. Og hva er status etter to år med nasjonale behandlingsretningslinjer? Nasjonalt Diabetesforum 2011 er godkjent av Den norske legeforening for spesialitetene allmennmedisin, pediatri og indremedisin. Allmennmedisin: Godkjennes med 17 timer som klinisk emnekurs i diabetes til videre-og etterutdanning . Pediatri: Godkjennes med 17 timer som valgfritt kurs. Indremedisin: Godkjennes med 14 timer som valgfritt kurs innen videre-og etterutdanningen. Nasjonalt Diabetesforum er også godkjent av Norsk Sykepleierforbund som meritterende for .. godkjenning til klinisk spesialist i sykepleie/spesialsykepleie med totalt 17 timer. Det er også søkt fagforbundet for andre yrkesgrupper, se diabetes.no For spørsmål vedr. konferansen, kontakt organisasjonskonsulent Liv Nordby på tlf: 464 46 783 eller e-post: liv.nordby@diabetes.no diabetesforbundet www.diabetes.no
Denne artikkelen finnes kun som PDF.
Last ned pdf