Lærerike kasuistikker: «Fredagspuls»
LÆRERIKE KASUISTIKKER I denne spalten trykkes kasuistikker som har gJort spesielt inntrykk og som bidragsyterne har opplevd som spesielt lærerike. Har vi selv lært noe i slike situasjoner, vil det som oftest også være av interesse for andre. Og vi vil gjerne ha en kommentar om hvilke tanker du har gjort Fredagspuls deg rundt denne opplevelsen. Bidrag sendes til en av redaktørene, vær vennlig å se kontaktinfo, 2. omslagsside. Det var fredag og den første praksisve.ka gjekk mot slutten. Eg syntes eg hadde blitt teke godt imot på legekontoret og var nøgd med at det hadde vare ei innhaldsrik og spen.nande første veke. Særlig denne dagen hadde vare hektisk og proppfull av inntrykk. Prak.sisrettleiaren min hadde legevakt og ifølge sekretæren hans var det godt over gjennom.snittet travelt. Timeboka hadde vare rimeleg full i utgangspunktet, og legevaktsradioen var på veg til å gå varm. Tre gonger i løpet av føremiddagen meldte AMK at ambulansen ville korne med pasientar som trengde under.søking. Ambulansen parkerte på baksida av kontorbygget, i ein bakgard som låg eit par etasjar ned. Beklagande nikk til pasientane på venterommet. Raske skritt ned trappa og ut til ambulansen. Rettleiaren først -og eg etter. Vurderingane måtte gå raskt no. Ei eldre kvinne hadde falt i heimen. Ho kikka opp på oss med forvirra blikk der ho låg fastspent på båra. lkkje dei beste føresetnadane for ei pasi.entsentrert anamnese, tenkte eg. Den kliniske undersøkinga var heller mangelfull. Få funn. lnnleggingsskriv skribla ned på eit ark. Trave opp på kontoret igjen. Fleire pasientar. Resep.tar, sjukelmeldingar, taksting. Ny ambulanse på døra. Me låg langt bak skjema. Eg byrja å tenke på om planen min om ein tidleg fredag på 14.30-toget kom til å ryke. Grunna mangel på ekstra kontor hadde eg ikkje fått høve til å ha egne pasientar endå. Men praksisen bestod av to legar, og denne dagen var den andre legen borte. Til no hadde det skjedd så mykje at eg ikkje hadde tenkt over moglegheita, eingong. Då legen foreslo at eg kunne ta eigne konsultasjonar, var eg meir enn nøgd. Læringskurva steig berre ved tanken. Perfekt avslutning på veka, smilte eg for meg sjølv. Det starta bra. Førarkortattest, det kjen.des som ein mjuk start. Klassisk lumbago utan utstråling, den var grei. Ung jente med openlys akneproblematikk var også over.kommeleg. Dobbeltsjekke på NEL. I over.kant detaljrik journalføring. E-resept sendt og signert. Rettleiaren blei konferert og var einig. Det var jo ok å kjenne seg til nytte, no bidrog eg jo trass alt til åta unna frå det over.fylte venterommet. Mot slutten av dagen bankar sekretæren på døra. Det er korne ein ØH-pasient. Ei gravid kvinne med kløe nedentil. «Eg tek imot ho straks», sa eg og registrerte ein forbipasseran.de, spontan tanke om bruken av Canesten i graviditet. Journalen var glissen. Eg las at kvinna var 26 år og frå eit lite land i Sør-Asia. Ho hadde vare her til svangerskapskontroll tidlegare, men det var ei god stund sidan no. På venterommet sit ei ung kvinne saman med mannen sin. Ho er svært kort og ganske brei. Magen er stor og rørslene treige. Kropps.språket til mannen er raskare, han verkar litt urolig. Han støttar henne når ho reiser seg frå stolen. Inne på kontoret går det opp for meg at kvinna ikkje forstår verken norsk eller en.gelsk. Mannen snakkar heldigvis greit en.gelsk. Han forte! at kvinna har hatt utflod og kløe nedentil. Han ser bekymra ut og spør om det kan vera farleg for barnet. Dei opne spørs.måla mine forsvinn som dogg for sola og eg går direkte på spørsmål om varighet av pla.gene, utflodens farge, lukt og cottage cheese. Spørjande auge. Åh, kva er klumpar på en.gelsk? Lumps? Kind of. .. eh, thicker? Innser at engelsken ikkje held mål. Det ban kar på døra. Sekretæren står i døra med beskjed om at resultatet på u-stix er klart. Det er 3+ på protein. Oi. Alarmlampa blinkar. I det same går døra på det andre kon.toret brått opp. Rettleiaren min kjem ut i gan.gen og seier at han må rykke ut med ambulan.sen no med det same, han har fått melding om akutte brystsmerter. Bilen ventar nede allereie. «Skal du vere med?» seier han idet han for.svinn ut. Eg kikkar på den gravide og bort på mannen hennar. Deretter ser eg spørjande på sekretæren. Eg kan vel ikkje la ein slik sjanse gå frå meg? Eg reiser meg og seier kort til pa.ret at eg må gå, men at eg kjem tilbake. Dei skjønar sjølvsagt ingenting, og eg har ikkje tid til å forklare. Eg set min lit til sekretæren og flyg ut. Medan eg rasar ned trappene, argu.menterer eg for meg sjølv: Hadde legen vare aleine i dag, så måtte han jo ha forlate dei han også, måtte han ikkje det? Ute i bakgarden er det ingen ambulanse. Åh, han må ha meint på framsida av bygget -eg halsar opp og ut og rekk akkurat å skimte bakenden på ein gul ambulanse som forsvinn oppover gata. Søren. På kontoret ventar pasienten min. Dei ser forvirra ut. Eg beklagar mi vesle forsvinning og tek opp tråden der vi slapp. Utflod, ja. Pulsen min er fortsatt høg. Stikk av dårleg samvit. Eg burde ikkje gått Kost dere frampå, folkens! frå dei på den måten. Fram med terminhju.let. 36+4 veker på veg. Mannen forte! at dei har vare i Noreg i seks månader. Ingen anna familie i landet. Begge jobbar på ein skofa.brikk i nabokommunen. «Hard work». Eg forsøker å snakke direkte til kvinna. Ho smi.ler forsiktig, men ser usikkert på mannen. Mannen forte! at han har undersøkt kona ne.dentil. Tanken slår brått ned i meg på nytt: 3+ på protein! Kriterier for preeklampsi. Foku.set mitt er endra. Han snakkar om rødt og hovent underliv, medan eg tar blodtrykket og tenker på ødemer. Er ikkje forresten armane ganske hovne' Blodtrykket er i vertfall nor.malt. Eg spør korleis det står til med magen' Kjenner ho bra med liv? Nei. Ho ser ned. Ho har ikkje kjencl liv på 20 dagar. Eg støkk til. Eg må konsentrera meg for ikkje å måpa. Inni meg ropar eg: «Og det seier de først no??!» Eg kjenner at stresspumpa slår seg på. Eg for.sikrar meg om at eg har høyrd riktig. Prøvar å verke roleg. Må ikkje gi dei meir skuldkjen.sel. På helsekortet les eg at forgje kontroll var i veke 28: «Bra med spark og liv». Dei har tilsynelatande gått glipp av kontrollen i veke 32.Eg undersøker beina til kvinna. Ødemene er massive og går til langt over knea. Eg for.søker å finne fosterlyden med Doppler over den store magen. Eg forventar ikkje å finne lyd, og gjev raskt opp. Dette er ikkje vits å bruke tid på. Dei må inn uansett. Eg forklarar kort at eg ønskjer at dei skal få ein sjekk på sjukehuset sidan kvinna ikkje har kjend liv på så lang tid, men også fordi ho har kraftige hevelsar og protein i uri.nen. «Det er viktig at de får ein skikkelig sjekk med UL», seier eg. Eg leiter opp num.meret til føde-gyn-avdelinga. Forsøker å legge fram situasjonen på ein sakleg måte, men utan spesielt vellykka resultat. Jordmora stiller trygge, relevante spørsmål. Eg gir ustruktu.rerte svar og høyrer at stem rna er litt skjelven. Forståing i andre enden. I sidesynet ser eg se.kretæren som står i døra med jakka på. Det er fredag og klokka er allereie over kontortid. Tidleg fredag er «bygones», men det betyr in.genting for meg no. Eg vil berre få dette gjort på beste mulige måte -og helst ikkje mutters aleine. Vær så snill, ikkje gå, tenker eg. Ho les tankane mine og set frå seg veska, om ikkje anna så for den moralske støtta. Saka er for så vidt avklart no; pasienten skal inn til observasjon. Men eg har framleis tusen UTPOSTEN 3 • 2013 spørsmål svirrande: Er barnet i magen dødt? Protein uri og ødemer utan hypertensjon? Kvar finn eg innleggingsskrivet i journalsystemet' Innleggelsesdiagnose' Korleis skal dei koma seg til sjukehuset' Avstanden er kort, men eg kan vel ikkje la dei gå. Taxi har dei neppe råd til. Sekretæren rekvirerer ambulanse. Det unge paret sit der stille på kvar sin stol og ser nærmast apatiske ut. Er det min skuld' Eg tenker at eg må snakke med dei, eg vil jo gjerne forklare og roe dei så godt det lar seg gjere. Dei kom jo hit med spørsmål om utflod og kløe -og før dei veit ord av det sit dei her med ein billett til sjuke.huset. Burde eg ha inspisert henne nedentil? Det var jo difor dei kom. Kanskje dei ikkje har forstått eit ord av det eg har sagt? Medan eg hamrar ned på tastaturet det vesle eg har av informasjon om denne unge kvinna, ten.ker eg på korleis eg skal avsi utte konsultasjo.nen på ein verdig måte. Men det rekk eg aldri, for plutselig står ambulansepersonalet midt inne på kontoret, klare til å transportere pasienten. Eg unnskyl.dar meg for at dei må vente og skriv så fort eg kan. Alle ven tar i stillhet. Fekk eg med det viktigaste? Print. Eg stotrar fram noko om at eg håpar alt går fint med dei. Det var det. Pa.sienten og mannen hennar forsvinn ut døra. Tilbake står eg og er letta over at dei skal bli tatt hand om, men skuffa over at eg ikkje klarte å bruke meir tid på å snakke med dei på ein ordentlig måte. Idealet om god pasientkom.munikasjon står sterkt hos meg. At det er langt meir utfordrande enn det kan høyrast ut som, hadde eg nok hatt erfaringar med før. Men kor vanskeleg kan det vere, då' Ein må jo berre ta seg tid når situasjonen krev det, hadde eg tenkt før. Dette var første gongen eg fekk kjenne på at samsvaret mellom holdning og handling kom så til dei grader skeivt ut. Det unge paret var aleine i eit nytt land. Dei forstod ikkje språket og hadde sannsynligvis lite innsikt i korleis helsesystemet og svanger.skapsomsorga fungerer her i Norge. Dei had.de verkeleg hatt behov for god informasjon og ikkje minst støtte i ein svært usikker og alvorleg situasjon. Det einaste konstruktive som kan korne ut av denne hendinga, er at eg tenkjer gjennom kva eg kan gjera annleis neste gong eg havnar i ein liknande situasjon: Eg burde ikkje ha for.late dei til fordel for ein gullkanta, action-fylt ambulansetur. Sannsynlegvis ville det gitt meir ro og flyt i konsultasjonen om eg ikkje hadde forsvunne ut. Og kanskje ville det blitt tid til betre kommunikasjon og forklaring. I etter- LÆRERIKE KASUISTIKKER kant er eg veldig glad for at eg aldri rakk den ambulansen. Kor lenge måtte dei ha venta då? Det er naturleg at konsultasjonen var prega av ekstra utfordringar for meg som student. Det var tilfeldig at dette paret kom rett før rettleia.ren min forsvann på utrykking. Eg kjende også på usikkerhet når det kom til den faglege avgjerdsla, effektiv handtering av journalsys.temet og manglande kunnskap om vanleg praksis ved transport og hastegrad. Men slike forstyrrande element vil vel alltid vera til stades i større eller mindre grad, og kan ikkje stå i ve.gen for at ein lege får eit minimum av innsikt i pasienten si oppfatning av situasjonen. Eg bur.de tatt meg tid til å sjekke om dei hadde for.stått informasjonen og gjerne fått tak i deira førestillingar om kva som skulle skje, og opp.klara eventuelle misforståingar. Så fekk heller ambulansepersonalet venta to minuttar ekstra på gangen. Dersom eg var litt meir tolmodig og litt mindre førehandsbestemt under Dopp.ler-undersøkinga ville eg kanskje ha avslørt at barnet var i li ve, og redusert det tragiske ele.mentet i situasjonen -både for det kommande foreldreparet, men også for legen. Ryktet på bygda sa at nemleg at kvinna var blitt transportert vidare frå lokalsjukehuset til Haukeland og at ei lita jente var korne til ver.da med keisarsnitt. Yngvil 5. Husum UTPOSTEN 3 • 2013
Denne artikkelen finnes kun som PDF.
Last ned pdf