Samling på Fornebu-landet - Allmennmedisinsk våruke 2014

Lisbeth Homlong

Samling på Fornebu-landet Allmennmedisinsk våruke 2014 . LISBETH HOM LONG Allmennmedisinsk våruke vart i år arrangert på Quality Expo Hotel på Fornebu-landet 5.-9.mai. I løpet av veka vart årsmøtet i Norsk foren.ing for allmennmedisin (NFAI og landsrådsmøtet i Allmennlege.foreningen (AF) halde. Samtidig vart det arrangert grunnkurs D for spesialistkandidatar, emne.kursa «Overdiagnostikk» og «Det moderne legekontor», det årlege leiingskurset og kurs i helsepolitikk. Marit Hermansen Hege Gjessing I tillegg var det muligheit til å delta på flei.re sosiale arrangement. Veka vart avslutta med ein felles festmiddag på arrange.mentshotellet. Våruka samla i år rundt 3 50 allmennlegar, stemninga var god, prega av lite kontroversielle saker. Ingen reservasjonsrett for fastlegar Årsmøtet i NFA starta berre få timar etter pressekonferansen der helseminister Bent Høie presenterte regjeringa sitt nye forslag til løysing på reservasjonssaka. Dette vart såleis grundig omtala både i NFA-leiar Marit Hermansen si årsmøtetale og AF-leiar Kari Sollien si tale til landsrådet dagen etter. Beg.ge uttrykte stor tilfredsheit med utfallet og la ikkje skjul på at Legeforeningen har vore sentral i prosessen som har leia fram til løy.singa på denne vanskelege saka, som har prega dagsorden i foreininga det siste året. Spesielt AF-leiar Sollien har vore sterkt bidragsytande til løysinga, noko ho også fekk honnør for. -Det innføres ingen reser.vasjonsordning for fastleger, opna Her.mansen med i si tale. Ho understreka kor viktig det har vore for foreiningane at døra skal vere open for alle pasientar på fastle.gekontoret. På eit fagleg grunnlag var det umogleg for foreininga å avtalefeste ei ord.ning som medførte at enkelte pasientar vert utestengte frå fastlegen sitt kontor. Av andre viktige saker som foreininga har arbeidd med det siste åre, trakk Her.mansen fram utviklinga av allmennlege.spesialiteten og legevakt. Når det gjeld le.gevakt vart arbeidet skildra som å gå i ei myr. -I dag er legevakta for billig for kom.munene, og da mener jeg billig både med hensyn til vilje, innsats og kroner, sa NFA.leiaren. Ho etterlyste igjen vilje frå myn.digheitene til å satse på legevakt, men ut.trykte ingen stor optimisme i så måte. Helsejournalistikk til debatt Årsmøtet i NFA vart også i år innleia med ein helsefagleg debatt. Tema var helsejour.nalistikk. Fastlege Anette Fosse i Mo i Rana og helsejournalist Hilde Marie Tvedten i Dagbladet, innleia til debatt. Mange har vore, og er, kritiske til spesielt Dagbladet si dekning av helsestoff, noko Fosse underbyg.de ved å presentere Dagbladet sine framsi.der i løpet av det siste året, der over halvpar.ten av dei var prega av helserelatert stoff, mykje med negativ vinkling. Journalisten, på si side, påpeika at Dagbladet forsøker å vere medviten sitt samfunnsoppdrag. Avisa ønskjer å opplyse folk og har fokus på saker som kan verke førebyggjande og som kan gjere lesarane sjølv betre i stand til åta vare på helsa si -som styrking av eigenmestring og andre tiltak som kan betre folkehelsa. Ho hadde også fokus på at journalistar og legar må samarbeide, men understreka at rollene er ulike. Ho etterlyste fleire bidragsytarar frå primærhelsetenesta og oppmoda fastle.gane til å bruke media meir aktivt, også so.siale mediar som Twitter, bloggar og liknan.de. Allmennmedisinsk forsking viste seg å vere upløygd mark for denne journalisten, men Guri Rørtveit frå Allmennmedisinsk forskningsenhet (AFE) i Bergen sørgja for å opplyse om at det finst fire sterke allmenn.medisinske forskingsmiljø i landet som kan bidra med oppdatert kunnskap til media. Mange i salen engasjerte seg i debatten. Ei generell haldning hos mange var at vi har ein tilstand av «over-helseopplysning» gjennom media, noko som ikkje nødven.digvis gagnar folkehelsa. Fleire etterlyste ein meir ærleg debatt, avisframsidene handlar trass alt om åtene pengar -journa.listen påpeika at innhaldet inne i avisene som oftast er meir edrueleg. Nokre undra seg over at folk framleis kjøper all skrem.selspropagandaen, vert ikkje folk immu.ne? Men journalisten kunne stadfeste at helse framleis sel godt med aviser. Paradigmeskifte i primærhelsetenesta? President Hege Gjessing i Legeforeningen opna AF sitt landsrådsmøte dagen etter. Ho innleia med gratulasjonar både når det gjeld opprettinga av Senter for kvalitet i le.gekontor (SKIL), løysinga på reservasjons.saka og utarbeidinga av dokumentet «Utvi.klingsplan for fastlegeordninga 2015 .2020» (tidlegare «Opptrappings-planen for fastlegeordninga») som AF og NFA har ut.vikla saman. Samtidig viste Gjessing til den varsla stortingsmeldinga om helsetenesta i kommunane som er venta til neste år. Statssekretær Lisbeth Normann har varsla eit paradigmeskifte når det gjeld endringa.ne som skal inn i denne stortingsmeldinga. -Når myndighetene varsler paradigme.skifte, så blir det arbeid for oss å gjøre, un.derstreka Legeforeningen sin president frå talarstolen. Det er dermed ingen grunn til å kvile på sine laurbær. AF-leiar Kari Sollien var tydeleg i si tale til landsrådet, der ho uttrykte stor tilfreds.heit med løysinga på reservasjonssaka: -Jeg mener at forslaget som helseministe.ren la fram i går er godt, og jeg kan leve med det, og jeg håper at de av våre medlem.mer som ikke kan henvise til abort også kan leve med dette forslaget. Sollien ut.trykte vidare eit klart ønskje om fleire fast.legar inn i fastlegeordninga. Dette meiner ho vil betre tilbodet til kronikarar. For å rekruttere nye fastlegar inn, må ein jobbe for å utvikle utdanningsstillingar, gjerne med fastløn. Men foreininga meiner fram-leis at næringsdrift kombinert med folke.trygdfinansiering er den mest rasjonelle forma for drift av fastlegetenesta. Fastlegene Robert Burman i Vennesla og Ole Henrik Krat Bjørkholt i Drammen, pre.senterte på vegne av Legeforeningen sitt ut.val for allmennlegar i spesialisering, ALIS, årets nyskaping, «Oppstartshåndbok all.mennpraksis», eit lettlest elektronisk opp.slagsverk på 2 3 sider som gir ei innleiing til og ei oversikt over det meste av det ein har behov for når ein er ny i allmennpraksis. Eit svært nyttig verkty for ferske fastlegar! Velfortent allmennlegepris Til slutt på årets landsrådsmøte vart All.mennlegeprisen utdelt. I år tilfall den fast.legane Sverre Lundervall og Bente Aschim, for deira langvarige arbeid og engasjement for allmennlegar si etterutdanning, gjen.nom utdanning av rettleiarar i allmennle.gespesialiteten og som kursarrangørar i kognitiv terapi for allmennlegar gjennom mange år. Arbeidet deira har korne både fastlegar og pasientane til gode. Juryen trekkjer fram eit imponerande engasje.ment og ein kreativitet utanom det vanle.ge hos prisvinnarane. Dei framstår begge som særs gode rollemodellar, både for rett.leiarane dei utdannar og for spesialistkan.didatane. Ein svært velfortent pris! «Det årnær sæ i Fredrikstad!» I 2015 skal Våruka arrangerast i Østfold, nærmare bestemt Fredrikstad, i perioden 4-8.mai. Våruka er ein fagleg og fagpolitisk møteplass som er vel verdt å få med seg. Rett nok blei det i krokane murra om at Våruka i år var alt for gemyttleg, med få kontrover.sar, for mykje sjølvskryt og for lite debatt. Kanskje er det eit teikn i tida? Vi skal jo som kjent heie på kvarandre! Det var ikkje så kje.deleg før, høyrte eg fleire som uttala! Er dette spede skrik frå utdøyande dino.saurar eller er det reell grunn til bekym.ring? For stor konsensus kan i verste fall vere lite utviklande. Men etter den til dels utmattande reservasjonsdebatten som har pågått det siste året, var det kanskje like greitt med ei viss grad av konsensus. Sidan slagordet til Øtsfoldbyen er som følgjer: «Det årnær sæ i Fredrikstad,» håper vi på god stemning også neste år. I UTPOSTEN 4 • 2014 Mfl

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf