Akuttmedisinforskrifta: God eller dårlig? Løft blikket!
AKUTTMEDISINFORSKRIFTA: God eller dårleg? Løft . SVERRE RØRTVEIT • Kommunelege i Austevoll,fastlege og legevaktlege, spesialist i allmennmedisin, medlem av Akuttutvalet Akuttmedisinforskrifta (li har som føremål å «bidra til at befolknin. gen ved behov for øyeblikkelig hjelp mottar forsvarlige og koordi. nerte akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus» (§li. Lat oss for ein augneblink halda fast ved dette føremålet: Forsvarlege og koordi. nerte akuttmedisinske tenester. Resten av forskrifta skal beskriva krav som bidreg til å oppfylla føremålet. Som allmennmedisinarar og samfunnsme.disinarar kan ein refleksjon over denne for.skrifta starta ved denne etappen: Har me noka rolle, noko ansvar, for å sørga for for.svarlege, det vil seia gode, akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus? Dumt spørsmål.-Ta, me har det. Så vil eg spørra: Kvifor har me ei rolle og dette an.svaret? Mitt svar er at i ytterste konsekvens så har me dette ansvaret som medmennes.ke, og medmenneske som har høg tillit ved at me har ein spesiell kompetanse på dette området. Det er eit meir relevant svar enn at ansvaret følger av tilsettingskontrakt og Lov om helsepersonell. Akuttmedisinforskrifta er faktisk gan.ske god på å sirkla inn korleis me, saman med kommunen og helseforetaket, skal ivareta det medmenneskelege og medi.sinskkompetente ansvaret ved organise.ringa av legevakt. I § 6 står det at kommu.nen skal organisera legevakt slik at minst ein lege kan stilla opp, og organiseringa må vera slik at legen både kan vurdera, gje råd og behandla akuttmedisinske tilstan.dar, og organiseringa må vera slik at legen kan rykka ut ved akuttmedisinske tilstan.dar. I §4 står det at kommunane og helse.foretaka skal samordna dei akuttmedisin.ske tenestene sine, og kommunane skal sørga for at legevaktpersonellet får trening i oppgåvene sine. Mfl UTPOSTEN 1 • 2016 Desse kjerne-krava i §4 og 6 kunne ha vore detaljert endå meir, men dei er i denne utforminga likevel av stort verde, og dei ut.gjer eit medisinsk-etisk credo: Dette trur me på, dette er av våre grunnleggande ver.diar, dette beskriv korleis me skal organi.sera oss for å hjelpa menneske i naud. Alt vel og bra.Kva er så problemet? Pro.blemet synes å vera § 7. Her er det at krav til formell kompetanse for å kunna vera lege.vaktlege, blir stilt opp. Hovudregelen er at legevaktlegen må vera spesialist i allmenn.medisin eller vera godkjent allmennlege, og for andre legar må kommunen skaffa utrykkingstilgjengeleg bakvakt som opp.fyller desse krava. Dette utgjer eit problem for mindre legevaktordningar. Det er mest eklatant skildra i det felles brevet som fylkeslegane i landet har sendt til Helse-og omsorgsdepartementet, om.talt i Dagens Medisin 18.12.r s (2), der fylkes.lege Anne-Sofie D. Syvertsen i Aust-Agder også vert intervja og viser med døme frå Bykle og Valle kommune korleis den delen av legekorpset som oppfyller kompetanse.krava då må gå to-eller tredelt vakt. Syver.sen seier at dette ikkje er foreineleg med normalt familieliv, og at ein misser ressurs.personar som er berebjelkar i distrikta. Denne problembeskrivinga har jo fylkesle.gane rett i, og me var mange som på føre.hand peika på at dette var eit vanskeleg punkt. I reportasjen i Dagens Medisin 18/12 er Helse-og omsorgsdepartementet (HOD) uteska om sine synspunkt på det fylkesle.gane påpeiker. HOD gjev ingen ting ved dørene, men seier at overgangsordninga på tre år er sett for at «kommunene benytter denne perioden til å arbeide for å styrke tjenesten. Departemen. tet vil ha tett dialog med bl.a. KS om gjen. nomføringen og effekten av kompetansehe. vingen. I denne forbindelse vil Helsedir. ektoratet få i oppdrag å følge med på/evalu. ere om kommunene klarer å rekruttere nok leger til tjenesten.» Det ser med andre ord ut til at a) HOD ikkje er medvitslause i forhold til det dilemmaet som føreligg, b) at HOD meiner at kommu.nane innan tre år må rekruttera fleire legar med kompetanse, og c) at KS og Hdir (som er nøkkelaktørar for å få rekrutteringsauke til) skal involverast tungt i arbeidet. Mi vurdering av dilemmaet som er skapt av §7, er at dette kjem til å verta modifisert av den utviklinga som manifesterer seg dei kommande åra. For det første har HOD rett i at ein del kommunar er klart underdi.mensjonerte i fastlegeordninga si og må styrka den. For det andre meiner eg at det forholdet at fylkeslegane engasjerer seg, utgjer ei av etter kvart mange drivkrefter som vil framtvinga endringar av dei delane av kompetansekrava som for firkanta sten.ger ute mange kompetente legar frå delta.king i legevaktordningane. Så då vil eg venda attende til det som eg oppfattar som sentral-paragrafane i akutt.forskrifta, §6 og §4. Siste bokstav i §6 på.legg legevaktene utrykkingsplikt når det er naudsynt, i akutte tilfelle. Dersom kom.munane, og fastlegemiljøa, refleksmessig sentraliserer legevaktordningane for å oppnå at fleire legar oppfyller kompetan.sekrava, vil dei samstundes forhindra at utrykkingsplikta kan oppfyllast. På dette viset står utrykkingsplikta i §6 og kompe.tansekrava i §7 i opposisjon til kvarandre. Eg har ikkje oppfatta den juridiske vit.skap og praksis slik at ei paragraf i ei for.skrift har forrang framfor andre. Når altså fylkeslegane er bekymra for problema som §7 skapar for vaktordningane (som eg er samd med dei i), så er det ikkje nokon grunn til at dei skulle vera mindre bekym.ra for det hinderet for realisering av § 6 som legevaktsentraliseringane skapar. Når det kjem til overvaking frå helsetenesta sine tilsynsorgan, med andre ord nettopp fyl.keslegane, så er det ingen grunn til at dei skulle ha mindre fokus på § 6 enn på § 7. §4 pålegg kommunar og helseforetak samordning av sine akuttenester. Akuttut.valet (3) foreslår ei betydeleg innskjerping av dette, med felles planleggingsprosessar. Også dette bør bli eit sentralt punkt for overvaking av helsetilsyn og fylkeslegar, blikketl for å sørga for at både kommunar og helse.foretak tek ansvar for ei differensiert, kom.petent, samtrent og utrykkingstilgjengeleg akutthelseteneste. Ei utfordring for realiseringa av den sam.funnsetiske fordringa vår, at me har ei rolle og eit ansvar for å sørga for gode akuttme.disinske tenester utanfor sjukehus, er at det i delar av korpset vårt finnest ei ten.king om at legen ikkje betyr noko for utfal.let av akuttmedisinske aksjonar. Teorien er då at andre instansar (som oftast ambulan.setenesta, av og til luftambulanse eller ut.rykkingseining frå sjukehus) kan ordna opp, legevaktlegen kan halda fortet inne på legevakta. Det er ei under leg oppfatning at den pro-fesjonen som har den klart beste utdan.ninga og den klart mest omfattande tre.ninga i å vurdera kliniske situasjonar, ikkje skulle bety noko i akuttmedisinen. Vurde.ringskompetanse i kompliserte situasjo.nar er heilt sentralt. Akuttutvalet foreslår at legevaktlege bør vera med ambulansen i utrykking i dei fleste tilfelle av AMK-sendt raud respons. Mitt hovudærend med dette innlegget er altså å framheva at fastlegekorpset og lege.vaktlegane bør sjå akuttmedisinforskrifta som eit gyllent høve til realisering av det beste i legetradisjonen. Dei problematiske sidene ved forskrifta i §7 bør me jobba, saman med andre gode krefter, for å endra og modifisera, og det er sannsynleg at desse problema i det lange løpet ikkje vil overskygga fordelane ved akuttmedisin.forskrifta av r. mai 2015. REFERANSER 1. Akuttmedisinforskriften. Helse-og omsorgsde.partementet 2015. 2. http://www.dagensmedisin.no/artikler/2015/12/ 18/fry kter-manglende-legerekruttering-med-ny.forskrift/ 3. Først og fremst. Et helhetlig system for håndte.ring av akutte sykdommer og skader utenfor sy.kehus. Norges offentlige utredninger; 2015: 17. . SVERRE.RORTVEIT@AUSTEVOLL.KOMMUNE.NO I UTPOSTEN 1 • 2016 Mfl
Denne artikkelen finnes kun som PDF.
Last ned pdf