Nynorske perler

Merete Byre-Haakensen

Eg har motteke stafettpinnen i Lyrikkstafetten av mi gode studievenninne frå Bergen, Gunn Mali Sund, og takkar for æra! For meg som er oppvaksen og busett i Lom ved foten av Jotunheimen, er nærleiken til fjella viktig. Det er og viktig for meg å halde i hevd dialekta mi og å ta vare på nynorsken som skriftspråk. For meg er det slik at eit dikt får ein heilt annan klang når det er skrive på nynorsk – nynorsk er eit fantastisk poetisk språk i mine øyre!