Lindrande behandling i Sunnhordland 2021:
Ei studie av status og forslag til endringar

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Mona Yvonne Loth
Sjukepleiar og leiar Sunnhordland interkommunale legevakt
Palliasjon, også kalla lindrande behandling og omsorg, er eit nasjonalt satsingsområde (1, 2). Gode helsetenester i avslutningsfasen av livet krev høg kompetanse, tverrfagleg samarbeid og store ressursar. Det meste skjer i kommunehelsetenesta, og med hjelp frå sjukehus når kommunale ressursar og kompetanse ikkje strekk til.