Steinar Hunskår
Allsidig akademikar med eitt prosjekt: norsk allmennmedisin
Marit Tuv
Therese Renaa
Han har vore ei sentral drivkraft i utforminga av norsk allmennmedisin gjennom mange år. Steinar Hunskår kan kunsten å skrive sitt fag og han har formidla det på ypparleg vis både til medisinstudentar, kollegaer og folk flest. I fjor var det nettopp han som vart invitert til det britiske parlamentet for å greie ut om dei positive effektane av ein stabil fastlege, men på privaten er professoren lite oppteken av å snakke om eigne prestasjonar.

Steinar Hunskår syner fram den tredje utgåva av «Allmennmedisin», med eit maleri av Knut Rumohr på framsida.