Vegen til jobben
– reisebrev frå Etiopia
Motivasjonen til å gå denne vegen har ligge der lenge. Eg arbeidde to år som distriktslege i Zimbabwe frå 1991 til 1993, og skreiv om det i artikkelen «Frå Vest-Telemark til Aust-Mashonaland» i Utposten. Sidan den gongen har eg arbeidd med global helse litt til og frå i ulike organisasjonar: i Helse-direktoratet, i det europeiske smitteverninstituttet ECDC, ved det hollandske tropeinstituttet og seinast med utgangspunkt i mitt arbeid som fagdirektør for smittevern og global helse på Folkehelseinstituttet.