Fastlegeordning på villstrå
Det er nok no.Fastlegane er fanga i den massive klagestormen over ei fastlegeordning i krise med dårleg rekruttering og aldrande, overarbeidde legar som slit med aukande mengder arbeidsoppgåver. Dei har kasta seg på klaginga, med resultat å snakke ned sitt eige fag og skremme nye legar vekk frå eit spanande fagfelt.