Likt og ulikt på andre sida av jorda
– livet som vikarlege på den australske landsbygda
Etter ein lang dag på legekontoret i nabobyen der eg hjelper til ein dag i veka køyrer eg heimover denne junikvelden. Det er vinter, stupmørkt, ti grader utanfor og inni bilen, regnet hamrar på frontruta og eukalyptustrea lener seg tungt over vegen på begge sider.

Himmelen er høg på Eyre-halvøya. Leigebil og bustad følger med i jobben.