Livets ulike faser…
Aina Haaland
Eg har mottatt stafettpinnen frå Solveig Ulstein, kollega i Ålesund. Solveig representerer mitt første møte med allmennmedisin utanfor det som var organisert gjennom studiet, gjennom sommarvikariat på Moa legesenter sommaren 2006. Engasjementet hennar for faget og pasientane var ein fin inspirasjon for meg som allereie hadde begynt å tenke at allmennmedisin var rett plass for meg.