Armauer Hansen løyste lepra-gåta, men gløymde etikken
Gerhard Henrik Armauer Hansen var rett mann til rett tid; ein eigenrådig, nytenkjande, systematisk og hardtarbeidande forskar i det sterke fagmiljøet kring Bergens Museum. Han løyste lepra-gåta og vart dermed ein vitskapsmann av internasjonalt format. Men han vart òg råka av vitskapleg tunnelsyn som resulterte i eit forskingsetisk overtramp.
![](https://www.utposten.no/image/issue/2024/04/Utposten-2024-04-030.jpg)
Overlækjar og naturforskar Armauer Hansen ved mikroskopet i Bergen museum.
Foto: Johan von der Fehr, «Fridtjof Nansen bildearkiv», Nasjonalbiblioteket
Lepramuseet St. Jørgens Hospital viser fram eit autentisk sjukehusmiljø frå 1700-talet og er blant dei få attverande leprasjukehusa i Nord-Europa.