Ny faggruppe i 2024
Fengselshelseteneste

Illlustrasjonsfoto: Getty Images / Daniel Tadevosyan
Hilde Skrede
Fengselslege i Ringerike fengsel, leiar i Faggruppe Fengselshelseteneste i Norsk forening for allmennmedisin (NFA)
Eg har grubla litt over namnet vårt – Faggruppe Fengselshelseteneste. Vi kunne ha heitt Faggruppe for fengselslegar? Ofte har eg kalla oss, utan å tenke meg om, Faggruppe for fengselsmedisin. Så har eg kome til at namnet ikkje er så dumt likevel. Ein av mine kjepphestar er at legar som jobbar i fengsel må engasjere seg i alle delane av helsetenesta, ikkje berre det kurative legearbeidet.