Fastlegeordninga:
Status presens 2024
I 2024 gjekk det endå betre enn i 2023. Det kom 339 fleire fastlegar: større auke enn nokon gong. Det er færre vakansar, og tilgangen på vikarar er mykje betre. No er sjetteparten av fastlegelistene opne, men altfor mange nordmenn har ikkje fastlege. Fastlegesvinn – kor mange fastlegar som sluttar – var på 22 prosent etter tre år, men med store variasjonar mellom fylka. Så landet treng fleire fastlegar.

Illustrasjon: Getty Images
Torleiv Robberstad
Tidlegare distriktslege, helse- og sosialsjef og assisterande fylkeslege